Fann raudlista artar i Førdefjorden
Forskarane fra Havforskningsinstituttet har dokumentert korallar, gytande blålange og eit stort artsmangfald nær det planlagde deponiområdet i Førdefjorden. Kanskje har dei også funne ein ny type skolest.
Fann raudlista artar i Førdefjorden
Havforskarane fann bambuskorall både i Førdefjorden og i Buefjorden. Foto: MAREANO (CC BY-SA 4.0)
HAVMILJØ

Fann raudlista artar i Førdefjorden
Forskarane fra Havforskningsinstituttet har dokumentert korallar, gytande blålange og eit stort artsmangfald nær det planlagde deponiområdet i Førdefjorden. Kanskje har dei også funne ein ny type skolest.
  Av Stine Hommedal, Havforskningsinstituttet
☒   ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
Artsmangfaldet i Førdefjorden er stort. Det inkluderer fleire sårbare og truga artar enn kva ein har visst til no, også inne i det planlagde deponiområdet.

Det viser resultata etter at Havforskings­instituttet har køyrt to tokt i vestlandsfjordane; eit botntråltokt i november 2021 og eit økosystemtokt i februar 2022.

LES OGSÅ
Fjordsøksmålet til retten i september


– På toktene rekna me ut artsmangfaldet for kvart trålhal vi tok, fortel forskar og toktleiar Guldborg Søvik frå Havforskningsinstituttet.

Havforskarane brukte ein indeks som kallast Shannon-Wiener artsdiversitets­indeks for å «scora» artsmangfaldet på dei ulike stoppe­stadane.

Blålange

Arkivfoto av blålange og bambuskorall fra Hardangerfjorden. Foto: Havforskningsinstituttet


– Botntrålstasjonen i det planlagde gruve­deponiområdet i Førdefjorden hadde den høgaste «scoren» på økosystemtoktet med forskningsskipet Kristine Bonnevie. Artsmang­faldet lengre ute i same fjord var også blant dei høgste på dette toktet, seier Søvik.

Det rike mangfaldet forskarane fann i Førde­fjorden, inkluderte også fleire sårbare og trua artar.

SE VIDEO
Nei til gruveavfall i norske fjorder


Deriblant blei bambuskorall (nært truga, Norsk raudliste 2021) dokumentert på dei to prøve­takingsstasjonane i Førdefjorden, samt vest for innløpet til same fjord – i tillegg til i Buefjorden.

Forskar Terje van der Meeren har i ei årrekke arbeid med Havforskingsinstituttet sitt kunnskapsgrunnlag og rådgjeving innanfor tema knytt til gruvedrift og sjødeponi.

Kart

Her tråla forskarane i Førdefjorden (raude strekar) og det planlagde deponiområdet (lilla). Kart: Terje van der Meeren/HI


Han meiner dei to tokta har dokumentert det ein tidlegare har antatt, men ikkje visst.

– Det er ikkje overraskande at vi finn eit stort og rikt økosystem i Førdefjorden når det gjeld omfang av artar. Men det er eit endå større artsmangfald i fjorden enn kva vi har doku­mentert før, også heilt inne ved deponi­området, seier han.

Dette er eit viktig funn for oss. Det viser at det er særs sannsynleg at gyting skjer inne i Førdefjorden.


I samband med konsekvensutgreiinga om sjødeponi vart det påvist at Førde­fjorden hadde eit høgare artsmangfald av dyr som lever nedi sedimenta på havbotnen enn fleire andre vestlandsfjordar.

– Men vi har til dømes ikkje tidlegare doku­mentert førekomsten av korall, seier han.

Slamutslipp i Førdefjorden


Det mest oppsiktsvekkande funnet sett med forskarauge, er det første tilfellet av gytande blålange i ein norsk fjord som er vitskapeleg dokumentert.

Blålange tilhøyrer torskefamilien. Arten har stått på den norske raudlista som sterkt trua, sidan 2006.

På økosystemtoktet fekk forskarane totalt ti eksemplar, kor fire blei tatt på dei to stasjonane i Førdefjorden. Av disse var to modnande, ein umoden – og ein gytande.



– Vi har tidlegare observert blålange i Førde­fjorden, men vi har aldri, verken her eller andre stadar i Noreg, fått tak eit gytande eksemplar inne i ein fjord før no, seier van der Meeren.

Havforskarane har rett nok vore i kontakt med fiskarar som har observert dette i andre fjordar.

– Dette er eit viktig funn for oss. Det viser at det er særs sannsynleg at gyting skjer inne i Førdefjorden.

Skolest

Skolest (Coryphaenoides rupestris) er ein djupvassfisk i torskefamilien. Den lever på 400–1.200 meters djup. Illustrasjon: Jan Fekjan, Artsdatabanken (CC BY-SA 4.0)


Det er kanskje ikkje den mest kjente fisken i Noreg, men skolest er ein djupvass­fisk som lever langs norskekysten og inne i fjordane.

Havforskarane fekk skolest på begge sta­sjonane i Førdefjorden. Analyser av fiskane tyder på at Førdefjord-skolest er genetisk ulik frå skolest frå Skagerrak, Korsfjorden og Trondheimsleia.

– Dette er skikkeleg spennande. Når vi seier «artsmangfald», så omfattar det meir enn berre førekomsten av ein art, det handlar også om dei ulike genetiske stammene. Det kan sjå ut til at Førdefjorden har sin eigen variant av denne djupvassfisken, avsluttar van der Meeren.



Opprinnelig publisert 24.06.2023



ANNONSE:

Annonsørinnhold:

ANNONSE:
ANNONSE:

Vil du begynne å dykke?

 

PADI er verdens største utdanningsorganisasjon med omtrent 135.000 instruktører og divemastere verden over. De fleste dykkesentrene i Norge utdanner dykkere etter PADIs modell - du finner en oversikt i bransjeregisteret.

 

 

 

Annonsørinnhold:

ANNONSE:

Annonsørinnhold:

  • Vil du bli yrkesdykkar?

    Dykkerutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er ei fagskuleutdanning som gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar. Les meir og søk på kurset som startar neste haust.
Siste videoer:
ANNONSE:
ANNONSE:
Facebook
ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
logo
Dykking har siden 1983 blitt gitt ut av Forlaget Dykking AS. Redaktør: Christian Skauge

 

Forlaget Dykking AS
Postboks 6654 Etterstad, 0609 Oslo
Org. nr. 936558496

 



Avmelding fra nyhetsvarsler
© 2024 Forlaget Dykking AS