Her står ein ukjend korallskog tett i tett på havbotnen
Videoar viser korallskogen som veks på havbotnen, men avslører ikkje kva art det er. No legg forskarane inn eit ekstra stopp på Mareano-tokt for å ta prøver.
Her står ein ukjend korallskog tett i tett på havbotnen
I videomaterialet frå 2024, i området kjent som Kobberlia, dukkar denne korallskogen opp. Foto: Sokkeldirektoratet (skjermdump frå video)
KORALLER

Her står ein ukjend korallskog tett i tett på havbotnen
Videoar viser korallskogen som veks på havbotnen, men avslører ikkje kva art det er. No legg forskarane inn eit ekstra stopp på Mareano-tokt for å ta prøver.
  Av Bente Kjøllesdal, Havforskningsinstituttet
☒   ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
– Her er ei klynge av ukjende bambuskorallar. Dei står tett i tett. Mellom er det nokre svampar, sekkedyr og børstemarkar – det er desse kvite «røyra» i bakgrunnen. Det ser ut som botnen er teppelagd, seier havforskar Heidi Meyer.

Videoen som rullar på skjermen føre hen er frå eit mineralfelt kjent som «Kobberlia». Der, omtrent ein kilometer under vassoverflata, veks ein ukjend korallskog.

– Dette er ganske fantastisk.

Enorme område, enorm kunnskapsmangel


Sokkeldirektoratet byrja nyleg å legge ut sine rådata frå den arktiske midthavsryggen (AMOR). Heidi Meyer har sett time etter time med videoar frå djupna.

– Vi veit så lite om dette området frå før at vi karrar til oss alle kunnskapsbitane vi kan.

Det er store kunnskapshol og mange interesser i djupna av Norskehavet.

Kobbersulfid

Irrgrønne mineraler er en indikasjon på tilstedeværelsen av kobber. Foto: Senter for dyphavsforskning/Ægir 6000 (NLOD)


Det rommar fleire særleg verdifulle og sårbare område (SVO). Norske styresmakter har også opna for å leite etter havbotnsmineral i havområda.

Området som Noreg forvaltar i Norskehavet er stort, heile 1,03 millionar km2. Det er meir enn 2,5 gongar så stort som fastlands-Noreg.

MINERALUTVINNING
Dette mener forskerne


– Det er veldig store område som for det meste er uutforska, seier havforskar Rebecca Ross.

Ho peikar på at det er forståeleg, gitt kor omfattande området er og kor krevjande det er å utforske kva som finst frå 1 til 5 kilometer under overflata.

Bambuskorall

Bambuskorall, Isidella lofotiensis. Foto: MAREANO/Havforskningsinstituttet (CC BY-SA 4.0)


Svampskogar og korallskog


Også den arktiske midthavsryggen, området forskarane no har videoanalysert, er i stor grad ukjent.

– Det er særleg sårbare habitat vi ser etter når vi analyserer videoane, forklarar Meyer.

– Desse veit vi at forvaltninga lyt få beskjed om, og dei vil òg vere viktige om ein skal vurdere miljøpåverknad i området.

Gersemia rubiformis

Gersemia rubiformis er en av korallartene som finnes i norske farvann. Foto: Derek Keats (CC BY-SA 2.0)


Både Sokkeldirektoratet, Universitetet i Bergen og andre har vore til stades i mange år, men då har fokuset vore retta andre stadar – mot geofysikk, som hydrotermiske undervasskjelder og mineral.

– Vi veit at det er djuphavssvampsskog i området, og at det er funne blautkorallar (Gersemia sp.), seier Meyer, som dekte dette feltet i doktorgradsarbeidet sitt.

DOKUMENTAR
Kaldtvannskoraller: Alien Reefs


– Men det har ikkje vore rapportert om bambuskorallskog, som vi veit om. Før no.

Bambuskorallskog er på raudlista for naturtypar for 2018, og vert vurdert som sterkt truga.

Ukjend bambuskorall


I norske farvatn er bambuskorallen Isidella lofotensis den mest kjende. Han er ein raudlista art i Noreg og eit særnorsk syn – han er berre påvist her. Han veks mellom anna uvanleg tett i Tysfjorden og utanfor Egersund.

– I fjordane og nær kysten ser vi denne bambuskorall danne skog på blautbotn, men den vi har funne i Norskehavet er noko anna, seier Ross.

Bambuskorall

Bambuskorall på havbunnen. Foto: MAREANO/Havforskningsinstituttet (CC BY-SA 4.0)


Endå bambuskorallane i videomaterialet frå havdjupet tilsynelatande er same familie (Keratoisididae) som dei vi kjenner frå kysten, er det høgst sannsynleg ei annan slekt og art.

– Til no er dei uidentifiserte, seier havforskaren.

LES OGSÅ
Fant uvanlig tette korallskoger


– ROV-en som har filma går litt for høgt, difor klarar vi ikkje sjå nok kjenneteikn til å identifisere korallane eller slå fast om dei er veks på hardgrunn eller blautbotn.

På Mareano-tokt nord for Svalbard har det også vorte funne bambuskorallar som ikkje liknar Isidella. Les meir her.

Ekstrastopp på Mareano-tokt


Havforskarane mistenker at det kan vere liknande korallar til nokre som er funne nær Grønland, i Davisstredet. For å få fasit treng dei prøver frå korallane og å sjå nærare på genetikken.

Då klaffar det godt at havforskarane i Mareano no skal kartlegge havbotnen i denne delen av Norskehavet. Grunna bambuskorall-funnet er det lagt inn ein ekstra stasjon på toktet, for å undersøke korallskogen nærare.

M/S Kronprins Haakon

M/S Kronprins Haakon er vårt største forskningsfartøy. Skipet er bygget som isbryter og er godt egnet for forskning i Arktis og Antarktis. Foto: Norvald Kjerstad (CC BY-SA 3.0)


– Hypotesen vår er at korallskogen er knytt til det arktiske intermediærtvatnet, forklarar Ross.

Det arktiske intermediærtvatnet viser til vassmassane som ligg over djupvatnet og under det øvste, varmare atlantiske vatnet. Djuphavssvampane vi kjenner frå området er også knytt til desse vassmassane.

– Då finst han truleg ikkje mykje djupare enn rundt 1000 meter. Det er ikkje så mange stadar i Norskehavet som er så grunne, og denne typen korallskog kan derfor vere relativt sjeldan i norske farvatn.

Annonse:


Men det eineståande synet frå «Kobberlia» treng ikkje bety korallskogen er sjeldan. At han endå er den einaste kjende av sitt slag, viser kor lite utforska djupet av Norskehavet er.

Mareano-toktet kan gje havforskane fleire svar – når dei no går i djupna, kan det vere dei finn fleire korallskogar.

Les også om Mareano-toktet der havforskarane skal 4000 meter rett ned – både brattare og djupare enn nokon gong før





ANNONSE:

Annonsørinnhold:

ANNONSE:
ANNONSE:

Vil du begynne å dykke?

 

PADI er verdens største utdanningsorganisasjon med omtrent 135.000 instruktører og divemastere verden over. De fleste dykkesentrene i Norge utdanner dykkere etter PADIs modell - du finner en oversikt i bransjeregisteret.

 

 

 

Annonsørinnhold:

  • Ta PADI Rescue Diver i Halden

    Det kanskje viktigste kurset for dykkere er PADI Rescue Diver, hvor du lærer å forbygge og håndtere situasjoner som kan oppstå. I oktober kan du ta kurset hos Halden Dykkersenter.

ANNONSE:

ANNONSE:

Annonsørinnhold:

  • Heng 500 dykkesteder på veggen

    Hvem er ikke glade i kart? Awesome Maps lager en rekke morsomme, håndtegnede kart fra hele verden – og i sortimentet har de naturligvis også et kart over verdens beste dykkesteder.
Siste videoer:
Annonse:
Annonse:
Facebook
ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
logo
Dykking har siden 1983 blitt gitt ut av Forlaget Dykking AS. Redaktør: Christian Skauge

 

Forlaget Dykking AS
Postboks 6654 Etterstad, 0609 Oslo
Org. nr. 936558496

 



Avmelding fra nyhetsvarsler
© 2024 Forlaget Dykking AS